Tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper | Yrkesfaglærerløftet
Kvifor studere tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper?
Norsk skule har som mål å være ein inkluderande skule med tilpassa opplæring for alle. Skulen skal ta omsyn til mangfaldet av elevar og leggje til rette for at alle får oppleve tilhøyrsle.
Ved å studere dette emnet vil du vidareutvikle din kompetanse i å planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere eiga undervisning i fleirspråklege og mangfaldige elevgrupper. Vi vil ha fokus på å leggje til rette for meiningsskaping, inkludering og lærelyst.
Kva lærer du?
Ved å gjennomføre denne vidareutdanninga vil du:
- lære om varierte metodar, arbeidsmåtar og digitale ressursar som fremjar læring i fleirspråklege elevgrupper på yrkesfaglege program.
- auke ditt medvit om korleis tilpasse undervisninga på yrkesfagfaglege program til elevar med ulik bakgrunn og ulike ferdigheiter i norsk
- kritisk granske eigen relasjonskompetanse og di evne til anerkjenning og forståing av sårbarheit i sosial utvikling og læring i fleirspråklege og mangfaldige elevgrupper
- inspirere til kunnskapsdeling, nytenking og bevisstgjering i profesjonsfellesskapet på din skule
Målgruppe
Dette emnet er for deg som er yrkesfaglærar og jobbar med yrkesopplæring i vidaregåande skule.
Praktisk informasjon
Undervisningsform
Studiet er delvis nettbasert med tre to-dagars samlingar, ei digital og to på campus Bergen. Det er lagt opp til studentaktive arbeids- og læringsformer. Innhald og arbeidsmåtar tek utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis. Mellom samlingane skal studentane prøve ut metodar og ressursar for fleirspråklege elevgrupper.
Studiet har to emner på 15 studiepoeng, ett hvert semester:
Les emnebeskrivelsene for YFL814/Tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper (del 1) og YFL815 Tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper (del 2)
Samlingar
Haust 2025
Samlingane vil vere frå kl 09.15-15 kvar samlingsdato.
• 17. - 18. september (campus Bergen) • 22. - 23. oktober (campus Bergen) • 19. – 20. november (digital) Eksamen: 3. - 4. desember (campus Bergen) Vår 2026 • 14. – 15. januar (på campus Bergen) • 4. – 5. mars (digital) • 8. – 9. april (på campus Bergen) Eksamen: 29. – 30. april (campus Bergen)
Tilrådde forkunnskapar
Det er inga tilrådde forkunnskapar, men innhald og arbeidsmåtar tek utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksin.
Kvifor ta meir utdanning?
Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:
- Ny oppdatert fagleg kunnskap
- Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
- Personleg utvikling
- Moglegheit for å byggje nettverk
- Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
- Moglegheit for opprykk i stillingskategori
- Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb
Andre interessante studietilbod
-
E-helse og digitalisering for HO & EL | Yrkesfaglærerløftet
-
Vurderingspraksis og læreplanforståelse | Yrkesfaglærerløftet
Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) sin satsing «Yrkesfaglærarløftet». Før du kan søkje må du avklare med din rektor om du kan delta. Du søkjer vikar- eller stipendordning gjennom Udir.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte. HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på...