Strategi- og virksomhetsutvikling
Kvifor studere Strategi- og virksomhetsutvikling?
Utgangspunkt for strategi er ein analyse av eksterne tilhøve som påverkar bedrifta. Desse tilhøva endrar seg no i eit tempo som er stadig høgare, og både teknologi, produksjonsmetodar og kundebehov endrar seg stadig raskare.
Dette emnet gir deg ei grunnleggande forståing av korleis bransjespesifikke tilhøve og makrotilhøve (eksterne tilhøve) kan identifisere trugsmål og moglegheiter i ulike næringar.
Vidare vil du lære å formidle korleis bedriftsinterne ressursar og kapabilitetar (interne tilhøve) kan avdekke enkeltbedrifter sine sterke og svake sider.
Analyse av desse tilhøva legg grunnlaget for dine strategival, for eksempel i retning av ein kostnadsleiarstrategi eller differensieringsstrategi.
Kva lærer du?
Du får ei grunnleggande forståing av ulike internasjonaliseringsstrategiar, konsernstrategiar, kjenneteikn ved regionale/nasjonale komparative fortrinn, og foretaksetikk.
Fokus er både på strategi i den daglege drifta av ei verksemd og på strategiar for å skape ny verksemd både innanfor og utanfor rammene av eksisterande verksemd.
Les meir detaljer om kva du lærer i emneplanen.
Målgruppe
Dette emnet passar for deg som er interessert i og ønsker å lære meir om strategi og utvikling av verksemder.
Emnet blir tilbydt i samarbeid med utdanningsselskapet Addisco, som er eid av forbundet Styrke.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte. HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på...