Skredfarevurdering i bratt terreng
Kvifor studere skredfarevurdering i bratt terreng?
Kartlegging av skredfare i bratt terreng etter byggteknisk forskrift TEK17 er ei kompleks oppgåve. Det krev djuptgåande teoretisk kunnskap om ulike skredtypar, inkludert prosessforståing, identifisering av potensielle lausneområde, gjenkjenning av avsetning og landformer, samt innsikt i modelleringsverktøy. Til saman gir dette kompetansen du treng for å identifisere, vurdere og kvantifisere årleg sannsyn for skred, og dermed avklare den lokale skredfaren i eit avgrensa område.
Kva lærer du?
Gjennom kurset vil du få ei brei teoretisk innsikt i ulike skredtypar. Du vil lære om effekten av skog, relevante meteorologiske og klimatiske utløysingsfaktorar for skred, i tillegg til lovverk, teknisk rettleiar og skredmodelleringsverktøy.
Etter fullført kurs skal du vere i stand til å planlegge, utføre og formidle skredfarevurderinga i bratt terreng etter TEK17, og kunne takle utfordringar som rettleiaren ikkje gir eit fullgodt svar på. Kurset erstattar ikkje kravet om fem og tre års netto relevant arbeidsrøynsle i rettleiaren.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte. HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på...