Psykisk helsearbeid
Det siste kullet på denne vidareutdanninga blei tatt opp i 2022. Frå 2024 tilbyr vi ei ny vidareutdanning. Klikk for å lese om det nye studieprogrammet «Psykisk helse- og rusarbeid | tverrfaglig videreutdanning».
Vi har eit særleg fokus på meistring og helsefremming med utgangspunkt i samarbeid med brukarar og personar i nettverket.
Du lærar om:
- fagleg grunnlag for psykisk helsearbeid og rusproblematikk
- organisering av tenesta på individ- og systemnivå
- kommunikasjon, samarbeid, konflikthandtering og konfliktløysing
- krevjande livserfaringar og psykiske lidingar i eit livsløpsperspektiv
- vitskapsteori, metode og etikk
Er du tilsett i ein kommune? Då kan arbeidsgivaren din søke Statsforvaltaren om kompetanse- og innovasjonstilskot.
Praksis
Du skal delta i grupperettleiing, og gjennomføre ein praksisperiode på 270 timar. Vi nyttar praksisplassar innan psykisk helsevern i spesialisthelsetenesta, psykisk helsearbeid i den kommunale helse- og sosialtenesta, familiekontor og poliklinikkar, der samhandlingskompetanse på tvers av etatar og forvaltningsnivå blir vektlagd.
Gjennom rettleiing i praksis skal du ha fagleg delansvar for den planlagde terapeutiske kontakten med pasient/brukar og familie.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte. HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på...