Praktisk utdanningsvitskap
Kvifor studere praktisk utdanningsvitskap
Studiet er relevant for alle i heile utdanningssektoren som ønskjer å auke sin kompetanse. Innhaldet er praksisnært og kvalifiserer til stillingar der utvikling av fagleg støtte og leiing av utdanning er sentralt.
Alle søkarar får tildelt studiestad Bergen, men ein del av samlingane foregår også på Stord og i Sogndal.
Studieretningar
Startar du våren 2025, kan du velje mellom følgjande studieretningar:
- Leiing og profesjonsutvikling i utdanningssektoren
- Spesialpedagogikk
- IKT i læring
Leiing og profesjonsutvikling i utdanningssektoren
Jobbar du som leiar eller ønskjer å jobbe som leiar i skulen, barnehage og kommunar/fylkeskommunar, er dette eit spanande studium for deg.
Til forskjell frå rektorutdanning og styrarutdanning treng du ikkje å vere i leiarstilling i dag.
Kva lærer du?
- Leiing, leiarroller og sentrale prosessar i utdannings- og oppvekstssystemet
- Mandatet for leiarrollene i politikk-, lov- og planverk
- Profesjonsetikk og spenningar i utøving av leiing
- Digital kompetanse
Godkjenning:
Denne studieretning opnar for å godkjenne ei rekkje andre utdanningar. Du kan altså få godkjent tidlegare utdanningar som rektorskule, styrarutdanning, skuleleiarutdanning eller andre utdanningar som handlar om profesjonsutvikling, fagutvikling eller leiing.
Studentar som har teke rektorutdanning og andre studier som byggjer på denne, kan få godkjent inntil 60 studiepoeng, og dermed gå rett på metode og masteroppgåve.
Godkjenning skjer etter individuell søknad. Ta kontakt for nærare informasjon.
Spesialpedagogikk
Emne 1
I dette emnet lærer du mellom anna om følgjande tema:
- Lese- og skrivevanskar
- Matematikkvanskar
- Generelle og spesifikke språkvanskar
- Bruk av læringsstøtte
- Forebyggande tiltak
I studiet vil du reflektere rundt tilrettelegging for god individuell og sosial utvikling, samt sette dette inn i eit folkehelse, livsmeistring og livsløpsperspektiv.
Emne 2
I dette emnet lærer du mellom anna om følgjande tema:
- Korleis kan ein gjennomføre og vurdere spesialpedagogisk utviklingsarbeid?
- Kva betydning har miljø og relasjonar for barn og unge si psykiske helse?
- Førebygging og utføring av pedagogikk og utviklingsstøtte
Fellesemne
I fellesemnet lærer du mellom anna om:
- Utvikling av kunnskap og ferdigheiter knytt til bruk av digitale verktøy spesielt retta mot spesialpedagogikk, og profesjonsfagleg digital kompetanse som hjelpemiddel i undervisning og læringsstøtte.
- Refleksjon rundt bruk av sosiale medium.
- Fellesemnet skal også gi studenten evne til å oppdatere seg, vurdere og reflektere over ny forsking relatert til eige masterprosjekt, noko som skal gi eit vitskapsteoretisk grunnlag for masteroppgåva.
IKT i læring
Emne 1
Dette emnet vil du mellom anna ta tak i følgjande spørsmål:
- Korleis utvikle og ta i bruk digital teknologi?
- Korleis vurdere og reflektere over pedagogisk bruk av IKT? (med utgangspunkt i relevante læringsteoriar og forskings- og teoriperspektiv)
Emne 2
I dette emnet vil du mellom anna lære om:
- Ulike typar digitale utviklingsverktøy for skapande arbeid i fag og tverrfaglege prosjekt (enkle språk og utviklingsverktøy, samt meir generelle og overordna prinsipp)
- Vurdering og refleksjon over bruk av IKT i skapande didaktisk arbeid
- Utviklingskompetanse, koding og algoritmisk tankegang som pedagogisk reiskap og metode
Fellesemne
I dette emnet vil vi mellom anna ta for oss:
- Utvikling av kunnskap og ferdigheiter knytt til bruk av digitale verktøy spesielt retta mot profesjonsfagleg digital kompetanse som hjelpemiddel i undervisning og læringsstøtte
- Refleksjon rundt bruk av sosiale medium.
Fellesemnet skal også gi studenten evne til å oppdatere seg, vurdere og reflektere over ny forsking relatert til eige masterprosjekt, noko som skal gi eit vitskapsteoretisk grunnlag for masteroppgåva.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte. HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på...