Overvaking av ustabile fjellsider
Undervisningsform
Undervisninga er forelesingar, felttur og oppgåveløysing med presentasjon, og blir gitt på norsk.
Vi har felttur til det ustabile fjellpartiet «Stampa» – Joasetebergi, mellom Aurland og Flåm, i lag med geologar frå NVE. Vi undersøker geologien og instrumenta som måler bevegelsen i fjellsida.
Etter feltarbeidet jobbar vi i grupper med ulike datasett som er samla inn på Stampa, eller datasett frå andre ustabile fjellsider i Noreg. Alternativt kan gruppa ta utgangspunkt i eit ustabilt fjellparti i Noreg som per i dag ikkje er overvaka, og lage eit oppsett/forslag for eit overvakingssystem for dette fjellpartiet. Gruppearbeidet skal presenterast munnleg.
Samlingar
Det blir både undervisning og arbeid med oppgåver i klasserom ved campus Sogndal, samt feltpraksis i 2025.
Datoar:
- Måndag 02.06: Kl. 12.00-16.00, førelesingar ved campus Sogndal
- Tysdag 03.06: Kl. 09.15-16.00, førelesingar ved campus Sogndal
- Onsdag 04.06: Feltpraksis/ekskursjon – heile dagen (0900-1800)
- Torsdag 05.06: kl. 09.15-16.00, arbeid med gruppeoppgåver, ved campus Sogndal
- Fredag 06.06: Kl. 09.15-13.00, presentasjonar, ved campus Sogndal
Eksamensform
Eksamen er i august, og er todelt. I del 1 skal du skrive ein populærfagleg artikkel på norsk. Del 2 er ein skriftleg digital heimeeksamen.
Om del 1: Du skal skrive ein populærfagleg artikkel om forskinga og resultata frå ein av fagartiklane i pensumlista. Artikkelen skal vere retta mot ikkje-ekspertar. Lengda skal vere mellom 4 500 og 6 000 teikn med mellomrom.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte. HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på...