Norsk 2 | 5.-10. trinn | nettbasert | Kompetanse for kvalitet
Kva lærer du?
Studiet byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærarutdanninga eller tilsvarande, og er delt i to emne på 15 studiepoeng kvar.
- Norsk 2 5–10 A: Språk og litteratur i fortid og samtid går om hausten, og
- Norsk 2 5–10 B: Språkmangfald og tekstmangfald går om våren.
Studiet har fokus på å gje djup innsikt i og historisk bakgrunn for sentrale emne som er viktige på 5.–10. trinn, men med særleg fokus på ungdomstrinnet. Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk.
Den praktiske erfaringa til studentane vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at studiet skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.
Målgruppe
Målgruppa er lærarar i skulen med minst 30 studiepoeng i norsk frå før.
Praktisk informasjon
Nettstudium
Undervisninga er asynkron og skjer i stor grad som nettbaserte førelesningar i form av video, tekst og lyd.
Arbeidspakkane blir i regelen lagt ut éin gong i veka. Deltakarane vel når det passar den enkelte å arbeida med kvar arbeidspakke. Det er ikkje nokon faste tidspunkt for digitale møte utover det deltakarane eventuelt avtaler seg imellom.
Informasjonsutveksling, rettleiing og faglege diskusjonar skjer i læringsportalen Canvas og i andre digitale samhandlingsverktøy. Undervisningsspråket er norsk.
Du får tilgang til Canvas før studiestart med meir informasjon.
Vurderingsform
Emne A :
- Heimeeksamen over tre dagar, bokmål, 50 %
- Semesteroppgåve, 3000 ord på bokmål, 50 %
Emne B:
- Heimeeksamen over fem dagar, nynorsk, 100 %
Pensum
Kvifor ta meir utdanning?
Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:
- Ny oppdatert fagleg kunnskap
- Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
- Personleg utvikling
- Moglegheit for å byggje nettverk
- Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
- Moglegheit for opprykk i stillingskategori
- Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte. HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på...