Norsk 1 | 5.-10. trinn | nettbasert | Kompetanse for kvalitet
Kvifor studere Norsk 1?
I studiet vil du få verdifull oppdatert kunnskap, som du kan ta med deg inn i norskundervisninga på skulen.
Kva lærer du?
Norsk 1 5.-10. trinn består av to emne:
- Emne 1: Språk- og tekstkunnskap, 15 studiepoeng (haust)
- Emne 2: Litteratur- og tekstkunnskap, 15 studiepoeng (vår)
I emne 1 lærer du om arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene skriving og munnlegheit. Sentrale tema er skrivedidaktikk, munnlegdidaktikk, grammatikk og respons og vurdering. Emnet legg òg vekt korleis Læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK20) kan bli integrert i den norskfaglege undervisninga.
I emne 2 lærer du om elementær tekstkunnskap, litteraturdidaktikk og arbeid med den grunnleggande ferdigheita lesing. Sentrale tema er den vidare leseopplæringa, litteratur og tekst, som litteraturteori og litteraturdidaktikk. Eit viktig perspektiv i emnet er korleis du kan arbeide med eit mangfald av tekster i klasserommet med utgangspunkt i Læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK20).
Studiet legg i tillegg vekt på at du skal utvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse, eiga formidlingsevne og eigen digital kompetanse.
Målgruppe
Målgruppa for studiet er lærarar med mindre enn 30 studiepoeng i norsk i utdanninga. Studiet er nettbasert.
Praktisk informasjon
Undervisningsform
I starten av semesteret vert studentane delte inn i arbeidsgrupper som arbeider saman gjennom både haust- og vårsemesteret.
Dette studiet er eit nettbasert tilbod, og det inneber at studentane sjølve aktivt brukar digitale samhandlingsformer for å løyse oppgåvene dei får og til å halde kontakt med arbeidsgruppa si.
Studiet nyttar videoverktøy, læringsplattforma Canvas og andre digitale samhandlingsverktøy i den daglege organiseringa og gjennomføringa av kurset, noko som også bidreg til å auke studentane sin profesjonsfaglege digitale kompetanse.
Nettøkter
Nettundervisninga består av førelesningar, presentasjoner, seminar og gruppeinndelte økter.
Nettundervisning er torsdagar kl. 13.00-15.00.
Du får tilgang til læringsportalen Canvas før studiestart med meir informasjon.
Høst 2025
NORU801N Norsk1, emne 1 - Språk- og tekstkunnskap. Oppstart torsdag 21. august.
Vår 2026
NORU802N Norsk 1, emne 2 - Litteratur- og tekstkunnskap er eit nettkurs med synkron undervisning på Zoom. Undervisninga vil føregå torsdagar 13-15, nærare informasjon om oppstartsveke vil bli gjort kjent seinare.
Tilrådd forskunnskap
Du må vere tilsett i ei lærarstilling.
Pensum
Du får informasjon om pensum ved studiestart.
Eksamensform
- Emne 1: Mappevurdering, to skriftlege tekstar og ei videoinnlevering
- Emne 2: Individuell heimeeksamen på ei veke
Stipendordning for lærarar i skulen
Jobbar du i skulen, kan du søkje om vikar- eller stipendordning gjennom Utdanningsdirektoratet. Søknadsperioden er frå 1. februar til 1. mars. Les meir om tilretteleggingsmidlar, vikar- og stipendordning frå Utdanningsdirektoratet på udir.no
Du må sende to søknader i 2025:
Ein søknad til Utdanningsdirektoratet for finansiering, frist 1. mars.
Ein søknad til HVL for opptak på vidareutdanningstilboda våre, frist 15. april.
Søkjarar som har fått innvilga frikjøpsordning frå Udir, blir prioriterte i opptaket.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte. HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på...