Norsk 1 | 1.-7. trinn | nettbasert | Kompetanse for kvalitet
Kvifor studere Norsk 1?
I studiet vil du få verdifull oppdatert kunnskap, som du kan ta med deg inn i norskundervisninga på skulen.
Kva lærer du?
- Den første og andre lese- og skriveopplæringa
- Talemål og skriftspråk
- Barne- og ungdomslitteratur
- Elevtekstar
Studiet inneheld to modular, les mer om innhold i emnene i emneplanene: NOB801N Begynnaropplæringa er tema i første semester og NOB802N mellomsteget tema i andre semester.
Den praktiske erfaringa til studentane vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at studiet skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.
Målgruppe
Studiet rettar seg mot lærarar som underviser i norsk på 1.- 7. trinn.
Praktisk informasjon
Undervisningsform
Det er to timar obligatorisk nettundervisning kvar veke. Førelesingstida vil vere to klokketimar, men studentane må setje av 3 klokketimar til kvar undervisingsøkt, då det i regelen vert lagt opp til felles diskusjonar og arbeid i time 3.
Vi nyttar læringsplattforma Canvas og møteverktøyet Zoom.
Mellom samlingane arbeider du i nettbaserte studiegrupper.
Nettundervisning
Etter at du har fått stadfesta opptak, vil studentane deles i tre klassar (med atterhald om at det er søkjarar til tre klassar, er dette tidspunkta kurset vert undervist på).
NOB801N, Haust 2025
- Gruppe B, måndagar 09.00 - 11.00.
- Gruppe C, måndagar 12.00 - 14.00.
- Gruppe A, onsdagar 09.00 - 11.00.
NOB802, Vår 2026 - Gruppe B, måndagar 09.00 - 11.00.
- Gruppe C, måndagar 12.00 - 14.00.
- Gruppe A, onsdagar 09.00 - 11.00.
Eksamensform
Haust:
- 7-dagars heimeeksamen. Eksamen vil ha to oppgåver, der den eine skal skrivast på bokmål og den andre på nynorsk. Begge tel 50 prosent og begge må vere bestått for å få godkjent eksamen.
Vår:
- Mappevurdering: Skrivemappe med to individuelle tekstar, ein på bokmål og ein på nynorsk. Vekting: 60 prosent
- Videoinnlevering i studiegruppe. Vekting: 40 prosent
Stipendordning for lærarar i skulen
Jobbar du i skulen, kan du søkje om vikar- eller stipendordning gjennom Utdanningsdirektoratet. Søknadsperioden er frå 1. februar til 1. mars. Les meir om tilretteleggingsmidlar, vikar- og stipendordning frå Utdanningsdirektoratet på udir.no
Du må sende to søknader i 2025:
Ein søknad til Utdanningsdirektoratet for finansiering, frist 1. mars.
Ein søknad til HVL for opptak på vidareutdanningstilboda våre, frist 15. april.
Søkjarar som har fått innvilga frikjøpsordning frå Udir, blir prioriterte i opptaket.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte. HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på...