Matematikk 1 | 5.-10. trinn | nettbasert | Kompetanse for kvalitet
Kvifor studere Matematikk?
Som lærar i matte kan du vere med å forme og inspirere kommande generasjonar til å skape ei positiv haldning til matte - eit fag som for nokre elevar kan verka skremmande. Ein god mattelærar på barnetrinnet, kan vere avgjerande for korleis elevane meistrar matte vidare på skulen.
Kva lærer du?
Du skal utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for matematikkundervisning på mellom- og ungdomstrinnet. Du skal arbeide med dei matematiske tema tal og talforståing, algebra, funksjonslære, geometri, måling, statistikk og sannsynsrekning.
Du skal lære om bruk av digitale verktøy og reflektere kring korleis bruk av digitale verktøy kan vidareutvikle matematikkfaget.
Den praktiske erfaringa du har vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at du skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.
Målgruppe
Matematikk 1, 5-10. trinn er retta mot deg som ønskjer å undervise i matematikk, men som har færre enn 30 studiepoeng i faget.
Praktisk informasjon
Undervisningsform
Dette er eit reint nettstudium. Nettøktene består av forelesningar, presentasjonar, seminar og gruppeinndelte økter. Mellom samlingane arbeider du i nettbaserte studiegrupper.
Du skal levere inn fire arbeidskrav per semester. Nokre av arbeidskrava krev at du gjennomfører undervisningsopplegg i eiga matematikklasse.
Du nyttar læringsplattforma Canvas og konferanseverktøyet Zoom i kommunikasjonen med høgskulen. Du får tilgang til Canvas før studiestart med mer informasjon.Etter opptaket får du ei innføring i bruk av Canvas og Zoom.
Du finn meir informasjon i emneplanen:
- MAU801N Matematikk 1, emne 1 - Lærerens undervisningskompetanse i matematikk
- MAU802N Matematikk 1, emne 2 - Læring i matematikk
Nettøkter
Nettstudiet er lagt opp til éi nettsamling á to timar måndagar 14.00-16.00 kvar veke.
Haust 2025
MAU801N: oppstart Mandag 18. august 2025 kl. 14:00 - 16:00
Vår 2026
MAU802N: oppstart Mandag 12. januar 2026
Tilrådd forkunnskap
Du må vere lærar i grunnskulen.
Pensum
Du vil motta informasjon om pensum ved studiestart.
Eksamensform
Kvart emne vert avslutta med ein individuell munnleg eksamen som du gjennomfører på nett.
Stipendordning for lærarar i skulen
Jobbar du i skulen, kan du søkje om vikar- eller stipendordning gjennom Utdanningsdirektoratet. Søknadsperioden er frå 1. februar til 1. mars. Les meir om tilretteleggingsmidlar, vikar- og stipendordning frå Utdanningsdirektoratet på udir.no
Du må sende to søknader i 2025:
Ein søknad til Utdanningsdirektoratet for finansiering, frist 1. mars.
Ein søknad til HVL for opptak på vidareutdanningstilboda våre, frist 15. april.
Søkjarar som har fått innvilga frikjøpsordning frå Udir, blir prioriterte i opptaket.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte. HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på...