Vis studentum.no som: Mobil

Master i psykisk helse- og rusarbeid

Høgskulen på Vestlandet

Om utdanningen

Mastergradstudiet i psykisk helse- og rusarbeid gir deg auka kunnskap, toleranse og forståing for problem som menneske med rusproblem og psykiske lidingar har.

Studiet vektlegg god fagleg samhandling med brukarar og pårørande. Du får trening i å tenke og arbeide tverrfagleg, og bli inspirert til å bruke nye arbeidsmetodar. Viktige tema er rus, vald, immigrasjon, fattigdom, traumatisk sorg og krise, tap av arbeid og å leve med alvorleg psykisk diagnose.

Du blir del av eit engasjerande og tverrfagleg forskingsmiljø på høgt nivå. Du får nær kontakt med yrkesutøvinga gjennom praksis i løpet av studiet, og ved at ressurspersonar frå praksisfeltet blir brukt som timelærarar. I tillegg får du moglegheit til å bli involvert i pågåande forsking.

Studiet passer for deg som er helse- og sosialarbeidarar og ønsker å heve kompetansen for å arbeide med menneske som har psykiske lidingar og rusproblem, og som også vil kvalifisere seg innan forskings- og utviklingsprosjekt.

Om du er tilsett i ein kommune, kan arbeidsgjevaren din søke Fylkesmannen om tilskot til dekking av lønnsutgifter i samband med denne utdanninga.

I undervisninga møte du varierte læringsformer, både praktisk og akademisk trening, forelesningar, gruppearbeid, seminar, e-læring, skriftlege arbeide, ferdigheitstrening, praksisstudium og prosessorienterte rettleiingsgrupper.

Utdanninga er treårig, med 60 studiepoeng første år som fulltidsstudium, og dei siste 60 studiepoenga fordelt på dei to siste åra som deltidsstudium. Undervisninga skjer på vekesamlingar på høgskulen dei to siste åra. I tillegg kjem sjølvstudium og oppgåver mellom samlingane.

Masteroppgåva er eit sjølvstendig arbeid knytt til eit sjølvvalt tema, eller pågåande forsking. I oppgåva fordjupar du deg i psykiske lidingar og/eller rusproblematikk.

Opptakskrav/Søknad

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord. Studentmiljøene er aktive og inkluderende, med aktiviteter for enhver smak.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen på Vestlandet

Kontaktinformasjon til Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet


Tlf: 55 58 58 00

Studiested

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!