Vis studentum.no som: Mobil

Master i didaktiske praksisar

Høgskulen på Vestlandet
Sammendrag
Deltid
2 år
Master, 2 år

Om utdanningen

Er du lærar og ønskjer å styrke fagkompetansen din med ein master? Som lærar har du eit av dei viktigaste kunnskapsyrka i samfunnet. Det er ein krevande og givande jobb med mange komplekse utfordringar. Neste oppstart er våren 2022.

Med det nyoppretta studietilbodet master i didaktiske praksisar kan du som lærar styrke din faglege, pedagogiske og didaktiske tryggleik i møte med framtidas skule.

Studiet er tilrettelagt for lærarar i arbeid, og kan studerast på deltid eller heiltid. Alle søkarar får tildelt studiestad Bergen, men det kan også vere samlingar på dei andre campusane i HVL i løpet av studieprogrammet.

Utdanninga er profesjonsretta og tek utgangspunkt i arbeidsfeltet ditt som lærar og dei gjeldande læreplanane for skulen. Startar du våren 2022, kan du velje mellom følgjande spesialiseringar:

  • Samfunnsfag og KRLE
  • Kroppsøving og mat og helse
  • Matematikk
  • Yrkesdidaktikk
  • Naturfag
  • Andre- og framandspråkopplæring

Her blir praksiskunnskapar og -erfaringar knytt saman med teoretisk kunnskap, noko som gir eit godt grunnlag for forskingsbasert yrkesutøving og profesjonell utvikling.

Masterstudiet har både samlingsbasert og nettbasert undervisning. Det er lagt opp til varierte arbeidsformer både når studentane er samla fysisk eller på nett og når studentane arbeider på eiga hand. Studiet stiller høge krav til sjølvstende og eigenaktivitet gjennom seminar, presentasjonar, skriving av tekstar og rettleiing, samt refleksjon og dialog om praksiserfaringar og eigen yrkesutøving.

Det blir lagt opp til at arbeidet med masteroppgåva skal starte tidleg i studiet. Presentasjon og diskusjon av eige masterprosjekt vil difor stå sentralt i studiet, samt respons til framlegg frå medstudentar. Arbeidskrav varier mellom dei ulike emna og er gjort greie for i dei enkelte emneplanane.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord. Studentmiljøene er aktive og inkluderende, med aktiviteter for enhver smak.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen på Vestlandet

Kontaktinformasjon til Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet

Tlf: 55 58 58 00

Studiested

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!