Kurs i hydrogenteknologi
Kurset passar for deg som ønsker generell kunnskap om hydrogenteknologi, for eksempel om du er leiar, politikar, økonom, eller tilsett i administrativ stilling. Du treng ikkje å ha teknisk eller realfagleg bakgrunn.
Ved opptak våren 2025 vert søkarar med maritim bakgrunn prioritert, men alle er velkomen og oppmodes til å søke. Det er god kapasitet på kurset.
I kurset blir det gjort reie for produksjon, distribusjon og bruk av hydrogen, til dømes prosessane i dampreformering og PEM elektrolyse/brenselcelle. I tillegg blir det satt fokus på sikkerheit og korleis sosial aksept påverkar utviklinga av teknologien. Emne vil dekke bruk av hydrogen både i landbasert, maritim og industriell sektor.
Målet med kurset er å gje deg som deltakar eit helheitleg bilete av kvar teknologien er i dag og kva som er vegen vidare.
Les meir i emneplan for Innføring i hydrogenteknologi
Praktisk informasjon
- Studiepoeng: 5
- Kursavgift: gratis
Digitale samlingar
Kurset blir undervist digitalt torsdager kl. 15.15-18.00. Det blir om lag 8 digitale samlingar. Samlingsdatoer kommer.
Oppstart 13. februar 2025.
Søknadsfrist: fortløpende
Vi tar forbehold om tilstrekkelig antal søkere for gjennomføring av kurset.
Dette emnet passar for deg som har teknisk eller realfagleg bakgrunn, og jobbar i ei verksemd som er involvert i hydrogenteknologi.
På kurset lærer du om hydrogen sine eigenskapar, og korleis hydrogen kan både produserast, lagrast og brukast. Emnet gir ein enkel innføring i hydrogensikkerheit og regelverk knytt til bruk av hydrogen. Emnet vil dekke bruk av hydrogen både i landbasert, maritim og industriell sektor.
Manglar du teknisk eller realfagleg bakgrunn oppfordrar vi deg sterkt til å søke «Innføring i hydrogenteknologi» (HYD800).
Les meir i emneplan for HYD801
Praktisk informasjon
- 5 studiepoeng
- Kursavgift: 5900 NOK
Digitale samlingar
Kurset vert undervist digitalt mandagar kl. 15.15-18.00. Samlingsdatoar kjem.
Det vert og lagt opp til ein fysisk, obligatorisk dags-samling på campus Bergen. Vi kjem tilbake med meir informasjon.
Oppstart 10. februar 2024.
Søknadsfrist: 10. januar 2025
Vi tek atterhald om tilstrekkeleg tal søkarar for gjennomføring av kurset.
Planlagt oppstart haust 2025
På kurset lærer du meir om lagring i form av ulike hydrogenberarar, transport av hydrogen og konkrete bruksområde for hydrogen.
Du vil og lære om bruk av hydrogen i brenselceller. Emnet gir ei grundig innføring i hydrogensikkerheit og regelverk knytt til bruk av hydrogen.
Dette kurset rettar seg mot deg som har teknisk eller realfagleg bakgrunn, og jobbar i ei verksemd som er involvert i hydrogenteknologi.
Det er eit krav at du har gjennomført Hydrogenteknologi I (HYD801) for å søke opptak til Hydrogenteknologi II (HYD802).
Praktisk informasjon
- 5 studiepoeng
- Kursavgift: Kjem
Digitale samlinger
Kurset blir undervist digitalt ein vekedag pr veke, kl. 15.15-18.00. Det blir om lag 8 digitale samlingar. Samlingsdatoar og meir informasjon kjem.
Søknadsfrist: Kjem
Vi tek atterhald om tilstrekkeleg antall påmeldte for gjennomføring av kurset.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte. HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på...