Kunstfag | musikk eller visuell kunst
Kvifor studere kunstfag?
Denne utdanninga er skreddarsydd for deg som vil bli rusta til å arbeide innan kunst- og kulturfeltet. Gjennom studiet legg vi vekt på at du skal lære deg kreative metodar, utvikle tverrfaglege perspektiv og utforske digital teknologi. Viktige tema for undervisninga vil vere berekraft, kulturell forståing og samfunnsengasjement.
Du kan velje å fordjupe deg i musikk eller visuell kunst. Dette blir utgangspunktet ditt for arbeid med ulike prosjekt, både individuelt og i team. Gjennom å utvikle eigne prosjekt får du også høve til å utforske korleis kunsten kan skape verdi i ulike samanhengar.
Dette er ei fleksibel utdanning, der det første studieåret er eit heiltidsstudium ved HVL Campus Stord, medan 2. og 3. studieår er samlings- og nettbasert.
Kva kan du jobbe med?
Bachelor i kunstfag – musikk eller visuell kunst vil kvalifisere deg til å jobbe i eit breitt perspektiv, både i lokale, nasjonale og internasjonale samanhengar:
- samfunnshus/kulturhus/bydelshus
- samfunnskontaktavdelingar i profesjonelle kunstorganisasjonar som for eksempel dansekompani, museum, galleri, festivalar og symfoniorkester
- non-profitt-organisasjonar med allmennyttig formål (for eksempel for handikappa, aktivitetar for flyktningar, innan rus-rehabilitering)
- administrasjon innan kunst- og kunstopplæringsorganisasjonar
- SFO/aktivitetsskule
- kulturskular – både offentlege og private
- sjølvstendig næringsdrivande
- og mykje meir
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte. HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på...