Innovasjon og endringsledelse
Kvifor studere innovasjon og endringsledelse?
Kurset i innovasjons- og endringsleiing gir ei effektiv innføring i ulike utfordringar og moglegheiter som verksemder må handtere.
Gjennom kurset får du kunnskap om og forståing av kva innovasjon inneber, korleis innovasjon kan skje i organisatoriske samanhengar, korleis innovasjon kan påverkast gjennom organisering og leiing, samt kva faktorar som kan verke fremjande og hemmande på innovasjon.
Innovasjon inneber endring. Kurset vil sjå nærare på endring i organisatoriske samanhengar, og leiing av ulike endringsprosessar. Deltakarane får opparbeidd seg kunnskap om og forståing av drivkrefter som ligg bak endringar, ulike typar organisasjonsendringar og omfang av desse, kva endringsprosessar i organisasjonar kan innebere, betydinga av konteksten endring finn stad i, samt endringsstrategiar og leiing av endringsprosessar.
Kva lærer du?
- Innovasjons-, endrings- og omstillingsperspektiv
- Leiingsteoriar og -strategiar
- Innovasjon i eksisterande verksemder, verdiskaping og intraprenørskap
- Innovasjonssystemet, næringsklynger og verdikjeder
- Om innovasjonens tidsalder
- Innovasjon i norske næringar
- Tilnærmingsmåtar, metodar og verktøy i innovasjonsarbeid (prosjektarbeidsforma, produkt-/tenesteutvikling, forretningsutvikling)
- Organisasjonsutvikling/-læring
- Motstand mot endring
Du finn meir informasjon i emneplanen
Målgruppe
Emne passer for deg som ønsker å lære om kva for mogelegheiter og utfordringar som ligg i innovasjon og endringar i organisasjonar, og korleis ein best kan utnytte dette.
Emnet blir tilbydt i samarbeid med utdanningsselskapet Addisco, som er eigd av forbundet Styrke.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte. HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på...