Vis studentum.no som: Mobil

Om utdanningen

Som historiestudent går du på oppdagingsferd i fortida, og du lærer kva som har forma dagens samfunn.

Innsikt i fortida er avgjerande for å forstå kva som skjer i dag, frå dei store globale spørsmåla til lokalsamfunnet du tilhøyrar. Du forstår meir om kvifor menneske i fortida tenkte og handla som dei gjorde. Du studerer alle sider av samfunnet – frå politikk, økonomi og teknologi til kultur, idear og sosiale forhold. Du skaffar deg verdfull praksis frå arbeidslivet, og du får trening i å skrive fagtekstar.

I Sogndal kjem du i eit oversynleg studentmiljø der du får god kontakt med faglærarane.

Bachelor i historie kan du også ta som nettstudium.

Du lærer

  • om eldre og nyare historie, norsk, europeisk og global historie og lokalhistorie
  • om globalisering og korleis ulike samfunn har møtt utfordringar som framleis er dagsaktuelle, som konsekvensar av konflikt og migrasjon, teknologisk utvikling og utfordringar knytt til klima- og miljøendringar
  • historievitskapleg metode og kjeldekunnskap og blir betre rusta til å avsløre falske nyhende
  • korleis du kan bruke og formidle historiefagleg kunnskap gjennom skriving og yrkespraksis

I det valfrie studieåret står du fritt til å velje eit årsstudium, eller setje saman ulike emne frå HVL eller andre utdanningsinstitusjonar innan- eller utanlands. I fordjupingsåret skriv du bacheloroppgåve om eit historisk emne du interesserer deg for.

1. studieår er identisk med historie årsstudium. Med fullført årsstudium i historie kan du søkje opptak direkte til 2. år. Du søker gjennom vår Søknadsweb.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppediskusjonar, oppgåveskriving med rettleiing, munnlege presentasjonar, ekskursjonar, arbeidspraksis og øving i formidling til ulike målgrupper.

Historiefaget set store krav til kjeldekritikk, og vi har fokus på logisk tenking, rasjonell argumentasjon, kritisk analyse av tekstar og tydeleg kommunikasjon.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord. Studentmiljøene er aktive og inkluderende, med aktiviteter for enhver smak.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen på Vestlandet

Kontaktinformasjon til Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet


Tlf: 55 58 58 00

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!