Geologi og geofare
Kvifor studere geologi og geofare?
Geologi handlar om å forstå kva jordkloden består av, korleis den er blitt til og korleis den har utvikla seg. Studerer du geologi og geofare på HVL kan du møte framtidas utfordringar, og du kan velje mellom ulike jobbar innan naturfare, utvinning av naturressursar, bygging av infrastruktur og framtidige klimaendringar.
Vi brukar vi den storslåtte Vestlandsnaturen rundt campus Sogndal som vårt klasserom. Dette er ei praktisk retta geologiutdanning. Vi reiser på ekskursjonar og feltarbeid i nesten alle emne, noko som gir deg god innsikt i geologiske prosessar og metodar.
Geologi og geofare er den einaste bachelorutdanninga i Norge som har eit særleg fokus på geofare og geologiske problemstillingar i arealplanlegging. Tilbakemeldingar frå studentar i Studiebarometeret viser at vi ligg i landstoppen som beste bachelorprogram innan geofag, der vi har gått heilt til topps som beste studieprogram i 2022 og 2023. Våre studentar er svært tilfredse med undervisninga, rettleiinga frå dei faglege tilsette og med læringsmiljøet.
Gjennom studiet lærer du om:
- korleis jorda vår er bygd opp, og kva indre og ytre prosessar som skapar det landskapet vi ser i dag
- geofarar som skred, flaum, jordskjelv og tsunami, og korleis desse kan bli oppdaga og overvaka ved hjelp av moderne teknologi
- årsaker og omfang av naturlege og menneskeskapte klimaendringar
- korleis brear, snø og snøskred opptrer og utviklar seg
- geologiske verktøy som kart, GIS, GPS og geofysiske metodar
- geologiske ressursar som ulike mineral, lausmassar og vatn
- sentrale lovar og verkemiddel i norsk arealplanlegging, miljø- og naturforvaltning
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte. HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på...