Familieterapi og relasjonelt arbeid | vidareutdanning
Kvifor studere familieterapi og relasjonelt arbeid?
Studiet bidreg til utvikling av relasjonell kompetanse i di eiga yrkesrolle. Du vil få kompetanse om korleis du kan møte menneske i livskriser, som samlivsbrot, sorg, overgrepsproblematikk og vald i nære relasjonar. Du kan også spesialisere deg i konsultasjonsarbeid knytt til samarbeid og konflikthandtering, til dømes på arbeidsplassen eller i skulen.
Korleis er utdanninga bygd opp?
Du har valet mellom to studieretningar:
- familieterapi og nettverksarbeid
- relasjonelt arbeid i organisasjonar
Tek du studieretninga familieterapi og nettverksarbeid, blir du kvalifisert for terapeutisk arbeid, til dømes som familieterapeut. Tek du studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar, blir du kvalifisert for ulike typar relasjons- kommunikasjons- og dialogarbeid. Det kan vere rådgiving, rettleiing, gruppeleiing, arbeid med pårørande, konfliktløysing og samarbeid på ulike nivå.
Kva lærer du?
Ved å gjennomføre denne vidareutdanninga vil du mellom anna lære å:
- gjennomføre og lede relasjonelle samtaler i ulike sammenhenger med en eller flere deltakere i rommet
- kritisk analysere og mestre utfordrende samarbeids- og veiledningsrelasjoner
- anvende og reflektere rundt sentrale systemiske teorier i møter med forskjellige samarbeidssituasjoner i organisasjoner
- mestre ulike lytte- og samtaleferdigheter på en selvreflektert og profesjonell måte
Praktisk informasjon
Undervisningsform
Studiet er ein kombinasjon av samlingar og sjølvstudium. Det er fire vekesamlingar i løpet av studieåret.
Du får ei variert og studentaktiv undervisning. Vi har blant anna førelesningar og seminar, og presentasjonar og diskusjonar om erfaringar frå praksis. I tillegg får du praktiske øvingar og ferdigheitstrening, og arbeid i grupper.
Mellom samlingane deltek du i 120 timar grupperettleiing med ekstern rettleiar og læring ved eigen arbeidsstad eller hospiteringspraksis. Gjennom heile studietida vil du ha dialog med medstudentar og undervisarar i den digitale læringsplattformen Canvas.
Viktig informasjon om praksis
Dersom du vel studieretninga familieterapi og nettverksarbeid, må du:
- gjennomføre praksis i terapeutisk arbeid med barn, unge, eldre, enkeltpersonar, par, foreldre, familiar, nettverk og grupper
- oppfylle kravet om 160 timer terapeutisk praksis i løpet av studiet. Studentane kan gjennomføre praksis ved eigen arbeidsplass eller som hospiteringspraksis ved anna eigna stad
Dersom du vel studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar, må du:
- gjennomføre praksis til dømes innan rådgjeving og rettleiing, gruppeleiing, teamarbeid, nettverksarbeid, pedagogisk arbeid, leiing og kompetanseutvikling. Det kan også vere ulike former for krisehandtering, støttesamtalar, tilrettelegging, bistand- og pårørandearbeid.
- oppfylle kravet om 160 timer relasjonell praksis i løpet av dei to første studieåra. Studentane kan gjennomføre praksis ved eigen arbeidsplass eller som hospiteringspraksis ved anna eigna stad
Samlingar
Første år
Høst 2025
Uke 37 (8.9. – 11.9.) Geilo
Uke 45 (3.11. – 7.11.) Bergen
Vår 2026
Uke 7 (9.2. – 13.2.) Bergen
Uke 19 (4.5. – 8.5.) Bergen
Tilrådde forkunnskapar
Det er inga tilrådde forkunnskapar.
Pensum
Du mottek informasjon om pensum når kurset startar.
Studieavgift og betaling
17 000,- per semester (totalt kr 68 000,-) + semesteravgift.
I tillegg kjem kostnader til ei intensivsamling på Geilo, ca kr. 1800,- pr. døgn inkl. fullpensjon og ekstern veiledning i gruppe. Det er den eksterne veilederen som fastsetter timeprisen. Vår erfaring er at prisen ligger mellom ca kr 200–250 per person, og er også avhengig av gruppens størrelse.
Merk: Studium med studieavgift har ekstra krav og vilkår knytt til seg, og du må derfor lese godt gjennom reglane for studium med studieavgift.
I studieavgiften inngår:
- Undervisning på samlingar
- Tilgang til elektroniske læremiddel på internett
- Tilbakemelding og oppfølging av oppgåver og øvingar til den enkelte student
- Sensur av eksamen og karakterutskrift
Viktig informasjon - endringar i studieavgift:
Frå årsskiftet 2025/2026 blir det innført ei årleg indeksregulering av studieavgifta.
Den justerte studieavgifta vil gjelde frå vårsemesteret 2026, og oppdaterte prisar blir publiserte på nettsidene i løpet av haustsemesteret 2025.
Den årlege indeksreguleringa følgjer den generelle løns- og prisveksten i samfunnet og har vanlegvis vore på om lag 3 % auke per år.
Vi tek atterhald om at studiet berre blir starta opp dersom det er nok studentar.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte. HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på...