Vis studentum.no som: Mobil

Bachelor i ingeniørfag, miljøteknologi og industriell kjemi

Høgskulen på Vestlandet

Om utdanningen

Er du opptatt av miljøutfordringane vi står overfor? Likar du realfag og teknologiske fag? Då kan utdanninga Miljøteknologi og industriell kjemi vere noko for deg!

Korleis kan vi utnytte naturressursane våre utan å skade naturen? Som kjemiingeniør kan du vere med på å finne gode løysingar for ei berekraftig utvikling.

Her lærer du om

  • kjemi som er læra om stoff, deira eigenskapar, samansetjing og reaksjonar
  • korleis kjemi bidreg til å løyse utfordringar både for oss i kvardagen, i industrisamanheng og i eit miljøperspektiv
  • bruk og handtering av kjemikaliar
  • oppbygging, verkemåte og drift av industrielle prosess- og produksjonsanlegg
  • moderne laboratorieinstrumentering
  • miljøanalysar
  • reinseteknologi
  • bruk av datateknologi

Studieprogrammet miljøteknologi og industriell kjemi er utvikla i samarbeid med næringslivet, noko som gjer at du blir godt rusta for yrkeslivet.

Miljøteknologi og industriell kjemi har fokus på korleis du reduserer eller hindrar forureining allereie ved kjelda. Sentrale tema er fornybare råmateriale, bruk av miljøvennlege kjemikaliar og avfallsreduksjon. Du vil også lære om dei generelle trinna i kjemisk analyse, som til dømes miljøanalysar, samt sentrale analyseteknikkar. Du får dermed kunnskap om prøvetaking, prøvebehandling, moderne analysemetodar og kvalitetssikring av analyseresultat. Fleire av emna fokuserer på industrielle prosessanlegg og korleis dei verkar. Du lærer om separasjon og reinseteknologi samt varmetransport og varmeoverføringsprosessar. I tillegg får du ei innføring i korleis prosessar blir overvaka og styrt via datakommunikasjon.

Undervisningsmåtar

Allereie frå første semester vil du få kontakt med industri- og næringsverksemd gjennom prosjektarbeid, ekskursjonar og gjesteforelesingar. Du får praksisnær undervisning i klasserom og ferdigheitstrening i nye, flotte laboratorium. Du får bruke ny, relevant og til dels avansert instrumentering. Det blir også lagt stor vekt på laboratorieøvingar og utrekningar ved bruk av dataprogram der du får prøve ut problemstillingar frå teoriundervisninga. Dei praktiske øvingane blir ofte utført i grupper.

Du kan velje spennande valfag der du får praksis i ei lokal bedrift.

I siste studieår skal du gjennomføre ei bacheloroppgåve (prosjektoppgåve) i samarbeid med medstudentar. Bacheloroppgåva kan utførast internt ved Høgskulen på Vestlandet eller eksternt i ei bedrift. Du kan også ta bacheloroppgåva i utlandet.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord. Studentmiljøene er aktive og inkluderende, med aktiviteter for enhver smak.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen på Vestlandet

Kontaktinformasjon til Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet


Tlf: 55 58 58 00

Studiested

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!