Vis studentum.no som: Mobil

Delta på den Digitale Utdanningsmessen den 16. november 2021 🎓💻 Les mer

Bachelor i ingeniørfag, elkraftteknikk for fagskuleingeniørar (fleksibel)

Høgskulen på Vestlandet

Om utdanningen

Har du tatt 2-årig fagskule innan elkraft og ønskjer å gå vidare med ei ingeniørutdanning kombinert med jobb? Då er dette utdanninga for deg!

Dette studiet gir inntil 60 studiepoeng fritak basert på gjennomførte emne frå relevant studieretning på fagskulen. Studiet går over 3 år, der du tar 20 studiepoeng per semester.

Alle søkarar får tildelt studiestad Bergen, men det kan også vere samlingar på dei andre campusane ved HVL i løpet av studieprogrammet. Det er tilrettelagt for at studentar frå heile landet kan følgje utdanninga.

Ein kvardag utan elektrisitet kan vi knapt sjå for oss. Utan elektrisk straum stoppar store delar av samfunnet opp. Nye miljøkrav til berekraftig produksjon frå mellom anna vind og vann, gjer kompetansen til elkraftingeniøren stadig meir relevant og etterspurd. Korleis kan vi sikre effektiv overføring og bruk av energi til samfunnet? Korleis drar vi nytte av fornybare energikjelder og utviklar energiløysingar som er berekraftige for framtida?

Elkraftingeniøren spelar ei viktig rolle i dette arbeidet og jobbar med eit spennande og framtidsretta fagfelt. Med denne utdanninga vil du bidra til at systema fungerer, frå fornybar energiproduksjon til overføring av elektrisitet til private eller offentlege bygg, transport eller industri.

Fagområdet er breitt, og dekker både produksjon, distribusjon, installasjon og bruk av elektrisk energi. Studiet gir deg mellom anna kompetanse innan prosjektering, dimensjonering, bygging, drift og vedlikehald av elektriske system.

Gjennom studieretningsfaga, valfaga eller bacheloroppgåva kan du fordjupe deg innan:

  • energiproduksjon i vind- og vannkraftverk
  • høgspenningsteknologi
  • elektriske maskiner og omformarar
  • kraftelektronikk
  • lavspenningsinstallasjonar

Undervisningsmåtar

Studiet vil vere samlingsbasert med nettundervisning mellom samlingane. I løpet av eit semester vil det vere inntil fire samlingar. Ei vanleg samling vil vere på maksimalt tre dagar, og samlingane vil i dei fleste tilfella finne stad på ein av campusane våre.

Det er lagt opp til varierte arbeidsformer både når studentane er samla og når du arbeider på eiga hand. Studiet stiller høge krav til sjølvstende og eigenaktivitet utover organisert undervisning.

I emne som er felles for elkraftteknikk og automatisering med robotikk, vil klassane ha felles opplegg for undervisning. Nokre eksamenar vil kunne bli arrangert på campus.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i grupper på inntil fire personar. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord. Studentmiljøene er aktive og inkluderende, med aktiviteter for enhver smak.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen på Vestlandet

Kontaktinformasjon til Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet


Tlf: 55 58 58 00

Studiested

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!