Vis studentum.no som: Mobil

Delta på den Digitale Utdanningsmessen den 16. november 2021 🎓💻 Les mer

Bachelor i ingeniørfag, automatisering med robotikk y-veg

Høgskulen på Vestlandet

Om utdanningen

Har du fagbrev innan elektrofag? I Førde kan du ta ingeniørutdanning innan automatisering med robotikk gjennom den såkalla Y-vegen. Det vil seie at studiet har relevant fagbrev som opptaksgrunnlag i staden for generell studiekompetanse.

Ein automatiseringsingeniør utviklar løysingar som gjer kvardagen meir effektiv, enkel og trygg. I dette yrket kan du utvikle ny, spennande og berekraftig teknologi som formar framtida.

Har du tenkt på korleis ein koffert blir transportert automatisk frå du legg den på rullebandet på flyplassen, til den hamnar i lasterommet på flyet? Eller korleis ein utviklar robotar som forenklar kvardagen til folk og fornyar arbeidslivet? Du har kanskje høyrt om autonome fartøy, og er nysgjerrig på korleis slike ting blir laga?

Som det ligg i namnet, handlar dette fagfeltet om å gjere prosessar og system automatiske. Automatisering er eit framtidsretta fag. Gjennom å utvikle robotar og automatiserte anlegg, bidreg automatiseringsingeniøren til auka effektivitet, sikkerheit og kvalitet og i ulike delar av næringslivet.

Effektive prosessar gir mindre sløsing og mindre forureining, noko som er ein føresetnad for å nå FNs berekraftsmål. Automatiseringsingeniøren er ein viktig bidragsytar i bygge oppunder dette arbeidet.

På Campus Førde får du tilgang til nokre av verdas mest avanserte robotar til undervisning og forsking, og eit internasjonalt anerkjent forskingsmiljø som jobbar tett saman med næringslivet om studentoppgåver og sommarjobbar.

Undervisningsmåtar

Y-vegen er eit fagleg og pedagogisk tilpassa opplegg, der det blir kompensert for manglande bakgrunn innan matematikk, fysikk, norsk og engelsk. Fagleg innhald følger rammeplanen gitt av Kunnskapsdepartementet.

Undervisninga vil starte opp i juni med sommarkurs i matematikk. Det vil komme nærare informasjon om startdato for sommarkurset seinare.

Vanlege arbeidsformer er førelesningar, rekneøvingar og laboratoriearbeid. Du tileignar deg kunnskap både i klasse, gjennom gruppearbeid og sjølvstudium.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i grupper på inntil fire personar. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord. Studentmiljøene er aktive og inkluderende, med aktiviteter for enhver smak.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen på Vestlandet

Kontaktinformasjon til Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet


Tlf: 55 58 58 00


Studiested og bomuligheter

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!