Vis studentum.no som: Mobil

Delta på den Digitale Utdanningsmessen den 16. november 2021 🎓💻 Les mer

Bachelor i idrett, trening og helse

Høgskulen på Vestlandet

Om utdanningen

Vil du jobbe med idrett, trening eller folkehelserelatert arbeid? Med denne utdanninga får du ein aktiv arbeidskvardag der du kan bety mykje for andre menneske. Du kan velje mellom to studieretningar: idrett og trenarrolla, eller trening, fysisk aktivitet og helse.

Gode undervisings- og treningsfasilitetar på campus Sogndal dannar ei unik ramme for utdanninga. Vel du campus Sogndal har du i tillegg kort veg til fantastisk natur ved Sognefjorden, Sogndalsfjella og Jotunheimen. I denne bachelorutdanninga har du valet mellom to studieretningar: idrett og trenarrolla eller trening fysisk aktivitet og helse.

Undervisninga vekslar mellom teoretisk forelesning og praktisk undervisning. I desse undervisningsformene er det prosjekt- og gruppearbeid, individuelle oppgåver og individuell vegleiing. Det blir lagt vekt på studentaktive læringsformer og eigeninnsats.

Studieretning idrett og trenarrolla

Studieretninga idrett og trenarrolla passer for deg som vil vera trenar eller aktivitetsleiar for ulike aldersgrupper og ferdigheitsnivå, eller som tenkjer å studere videre for å undervise i kroppsøving og idrettsfag i skulen. Studiet skjer i tett samarbeid med organisert idrett i klubb, krets og forbund, og kan gje sertifisert trenarutdanning i utvalde idrettar som fotball og klatring. For studentar som er i sertifiseringsløp i ein spesifikk idrett (t.d. fotball) vil obligatorisk læringsaktivitet i dei ulike emna vera tilpassa spesialiseringsidretten. Studiet har ein trenarprofil og tema som coaching, treningslære og ferdigheitsutvikling blir knytt til eit breitt spekter av idrett og aktivitetar som fremjar læring og utvikling.

Studieretning trening, fysisk aktivitet og helse

Studieretninga trening, fysisk aktivitet og helse passer for deg som vil jobbe med trening og fysisk aktivitet i treningssenterbransjen eller innan yrker med helsefremmande, førebyggande og rehabiliterande arbeidsoppgåver, som f.eks. folkehelsekoordinator eller på rehabiliteringsinstitusjon. Studiet har ein folkehelsefagleg profil der du lærer om samanhengar mellom åtferd, fysisk aktivitet og helse, men også korleis gjennomføre fysisk aktivitet og trening tilpassa til ulike individ og grupper (unge, eldre, pasient/kunde, idrettsutøvarar).

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord. Studentmiljøene er aktive og inkluderende, med aktiviteter for enhver smak.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen på Vestlandet

Kontaktinformasjon til Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet


Tlf: 55 58 58 00

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!