Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi - Førde
Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi
Hovudmålet er at utdanninga skal vere framtidsretta med hovudvekt på teori i praksis. Studentane skal etter avslutta utdanning forvalte eigne landbruksføretak eller kunne gi gode råd etter næringa og samfunnets behov.
Om utdanninga
«Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi» gir 60 studiepoeng, tilsvarande eitt år heiltidsstudium. Vi vil gjennomføre fagskuletilbodet som eit samlingsbasert deltidsstudium som vil gå over to skuleår/fire semester. Studietilbodet er delt opp i fire hovudemne. Studiet passar til dømes for noverande og framtidige mjølkebønder, tilsette i leverandørindustrien og rådgjevarar innan for moderne mjølkeproduksjon.
Studiestad: Førde
Utdanningsform: samlingsbasert, deltid
Studiepoeng: 60
Kommende startdatoer
Opptakskrav/Søknad
Du kan søkje studieplass på grunnlag av:
Det er krav til fullført vidaregåande utdanning innan ei av desse retningane:
- landbruk
- naturbruk
- gartnernæring
Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse.
Fagskolen Vestland
Fagskulen Vestland er ein av dei største offentlege fagskulane i landet, med vel 2170 studentar og om lag 200 tilsette. Vi tilbyr høgare yrkesfagleg utdanning som ligg på eit nivå over vidaregåande opplæring. Våre utdanningar er korte og yrkesretta, og...