Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling
Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling
Fagskulen Vestland har starta studietilbod i Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling i samarbeid med Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) og Trøndelag høyere yrkesfagskole (THYF) avd. Trondheim.
Det vert eit nett- og samlingsbasert årsstudium over to år. Fagskulen Vestland er ansvarleg institusjon, men studiestader vil vera SJH i Aurland og THYF i Trondheim.
Om utdanninga
Om Utdanninga i Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling er på 60 studiepoeng. Årsstudiet går på deltid over to år og er nett- og samlingsbasert. Studiestader vil vera SJH i Aurland og THYF i Trondheim. Det blir i alt ni samlingar gjennom dei to åra, der kvar samling er på fire til fem dagar. I tillegg kjem eksamen.
Mjølkeforedling i praksis og teori er det sentrale innhaldet i undervisninga. Gjennom studiet vekslast det mellom forelesingar, arbeidsoppgåver individuelt og i grupper, utferder til mjølkeforedlingsverksemder, presentasjonar og rettleiing. Ysteriet ved SJH er nyleg oppgradert til eit romsleg og moderne produksjons- og undervisningslokale.
Kommende startdatoer
Studiefakta, Tittel m.m
Hvem passer utdanninga for?
- Dei som driv eller er tilsette på handverksysteri/gardsysteri
- Dei som ynskjer å starte ysteri eller jobbe hjå andre
- Produksjonsmedarbeidarar i meieriindustrien
Dei som fullfører utdanninga, får ein fagskulegrad i handverksysting og får tittelen ysteteknikar.
Fagskolen Vestland
Fagskulen Vestland er ein av dei største offentlege fagskulane i landet, med vel 2170 studentar og om lag 200 tilsette. Vi tilbyr høgare yrkesfagleg utdanning som ligg på eit nivå over vidaregåande opplæring. Våre utdanningar er korte og yrkesretta, og...