Automatisering
Automatisering - Fagskoleutdanning
Automatisering av tekniske anlegg bidrar til både økonomisk og berekraftig byggdrift. Hos oss får du kompetanse til å utvikle heilskaplege tekniske løysingar, som er gjennomtenkte frå prosjektering til bygging.
Med denne utdanninga kan du bidra til å skape brukarvenlege, ressurseffektive bygg og tekniske system, som møter nasjonale miljø- og klimamål.
Automatisering forbetrar yting, berekraft og komfort, både heime og på arbeidsplassen. I tillegg opnar automatisering for velferdsteknologiske løysingar som forbetrar livskvaliteten for eldre og menneske med funksjonsnedsetting.
Fagområdet er i rask utvikling. Ein yrkesutøvar må derfor både ha solid praksis og til ei kvar tid oppdatert teoretisk utdanning for å kunne vurdere og løyse automatiseringsoppgåver innanfor sitt arbeidsområde.
Kommende startdatoer
Videre studier/jobbmuligheter
Som ferdig student kan du leie og vere ansvarleg for planlegging, prosjektering, programmering drift og vedlikehald av automatiserte anlegg og prosesser i bygg.
Utdanninga kvalifiserer også for å bli faglærar i vidaregåande skule, dersom du også har eller tar pedagogisk utdanning.
Fagskolen Vestland
Fagskulen Vestland er ein av dei største offentlege fagskulane i landet, med vel 2170 studentar og om lag 200 tilsette. Vi tilbyr høgare yrkesfagleg utdanning som ligg på eit nivå over vidaregåande opplæring. Våre utdanningar er korte og yrkesretta, og...