|
Sammendrag
![]()
![]() |
|
|||||||||||||||||
Målgruppa for studiet er i første rekkje lærarar, førskulelærarar og andre yrkesgrupper som arbeider med barn og natur.
Studiet kan takast som fordjupingseining ved førskulelærarutdanninga og som 30 studiepoeng i ein bachelor i kroppsøving og friluftsliv. Det kan i tillegg takast som vidareutdanning for lærarar, førskulelærarar og andre yrkesgruppes som arbeider med barn og natur.
I studiet vert det lagt vekt på opplæring i naturkjennskap og aktivitetar i friluftsliv. Med hjelp av teoristudium og faglege og praktiske erfaringar skal studentane verte i stand til å planleggje og gjennomføre frie og organiserte aktivitetar med barn utandørs.Studentane skal gjennom opplevingar, aktivitetar og drøftingar utvikle eigne kunnskapar, haldningar og praktisk dugleik. Ein fokuserer på desse hovudområda: naturenmennesket sitt forhold til natur barn – rørsle – natur barnehagen og skulen sitt uteområde og nærmiljøet.
I løpet av studiet skal studentane ha fagpraksis i barnehage, småskule eller annan stad etter avtale.
Generell studiekompetanse
30
Studiet er delt i to emne, Utefag I, som går i haustsemesteret og Utefag II, som går i vårsemesteret, kvart på 15 studiepoeng. Studiet omfattar arbeidsformer med forelesningar, feltarbeid, prosjekt- og gruppearbeid, eige studium og arbeid med mappeoppgåver. Store delar av undervisninga vil gå føre seg ute, der ein tek i bruk nærmiljøet.
Utdanninga er samlingsbasert med bl.a to vekesamlingar: ei veke ved oppstart på høgskulen sin kystbase på Yksnøya, og ei veke om vinteren, på Bjorli.
Videre- og etterutdanning

Korleis ser du føre deg ein perfekt start på studielivet? Og kva med vegen vidare?
I vakre Volda veks det i mai og juni fram nye kull med ferdigutdanna studentar, klare for eit nytt kapittel i livet. Erfaringane frå den intime og vakre studiestaden med rundt 8000 innbyggjarar følgjer med resten av livet, både fagleg og sosialt. I Volda går kultur og natur hand i hand. Frå det populære studenthuset, kafeen og konsertscena Rokken, er vegen kort til toppen av Rosethornet, eit kjent og kjært landemerke. Tek du turen opp, vil du også få oversyn over heile Volda og den vakre naturen som omgir studentbygda. Velkomen til Volda!
Eit studieopphald i Volda gir deg tverrfagleg og attraktiv fagleg kompetanse, skreddarsydd for eit breitt yrkesliv. Først sørgjer den tradisjonsrike Fadderveka og andre festivalar for at du som ny student landar trygt og får grunnlag for god fagleg utvikling i eit godt læringsmiljø. Men reisa er på langt nær over med det. For nyutdanna studentar frå Høgskulen i Volda går reisa gjerne vidare – inn i eit utfordrande arbeidsliv – og kanskje ut i verda?
Tek du høgare utdanning i Volda, er alt opp til deg sjølv. Høgskulen er kjende for yrkesutdanningar med god fagleg kvalitet, og studerer du til dømes mediefag, lærarutdanning eller sosialt arbeid i Volda, får du svært ettertrakta fagleg og sosial kompetanse på arbeidsmarknaden. Tek du eit halvår av utdanninga ved ein av dei mange samarbeidsinstitusjonar i heile verda, utvidar du i tillegg horisonten og skaffar deg ekstra tyngd og erfaring. Studietilbudet gjenspeiler kompetansebehovet både i offentlig og privat sektor, med mulighet for utdanning både på bachelor- og mastergradsnivå. Høgskulen har i tillegg mange kreative og spennende fagstudium innanfor mediedesign, drama, friluftsliv, idrett, historie, realfag, kunst, musikk, språk med meir.
Høgskulen i Volda er i tet mellom høgskulene i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. I alle bachelor- og masterprogram legg høgskulen til rette slik at studentar kan ta minimum eit semester i utlandet, som ein integrert del av graden ved høgskulen. Ein kan i praksis reise kvar som helst i verda, men det kan vere ein fordel å reise til ein samarbeidspartnar. Per i dag har Høgskulen i Volda rundt 140 partnarar i meir enn 40 land. Høgskulen i Volda er også offensiv når det gjeld å ta imot studentar frå utlandet, og har aldri før hatt så mange som i år. Dette er med på å gjere Volda til eit internasjonalt knytepunkt. Tek du ein tur rundt på campus, kan du ikkje la vere å leggje merke til "Pangaia", den internasjonale møteplassen.
Gi litt av deg sjølv - få masse tilbake!Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på same tid. Gir du litt av deg sjølv i Volda, får du garantert masse tilbake! Har du delteke på studentVEKA, Animasjonsfestivalen, Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2? Då har du garantert skulderveska full av nye vener og viktige kontaktar for framtida. Dei varierte sosiale erfaringane, saman med ein solid og yrkesretta fagleg ballast, gjer deg til ein ettertrakta arbeidstakar når du etter kvart reiser vidare i livet.
Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Utefag - Videreutdanning: