Mat, kultur og konservering - Videreutdanning

Sammendrag
p
Varighet: 1 år
Utdanningen holdes på: Norsk
Studielån/Stipend: Ja
Heltid/Deltid: Deltid
Søknadsfrist: 15.april
Utdanningsinstitutt: Høgskulen i Volda plus
Studiesteder: Volda
Type utdanning: Videre- og etterutdanning
Høgskulen i Volda

Mat, kultur og konservering - Videreutdanning

Mat, kultur og konservering - Videreutdanning

Mat, kultur og konserveringMat, kultur og konservering er eit tverrfagleg studium retta mot deg som er interessert i matkultur, mattradisjonar og konservering, og som ønskjer praktisk og teoretisk kunnskap i emnet.

Studiet er særskilt eigna for dei som vil formidle mat, kultur, konservering og laging av mat til barn, ungdom og vaksne i barnehage, skule eller anna formidlingsverksemd, t.d. på museum. Studiet kan byggjast ut til årsstudium i Matkultur og helse.

Utdanningens mål

Studiet skal gi deltakarane forståing for matkultur i eit historisk perspektiv og vise samanheng mellom naturgrunnlag og kosthald. Studentane skal lære tradisjonell matlaging, og oppbevaring og konservering av ulike råvarer. Vidare skal studenten ikkje berre vite korleis, men òg forstå kvifor metodane har utvikla seg til å vere slik dei er i dag. Difor er det naturvitskaplege grunnlaget viktig for å forstå det praktiske. Studiet er praktisk retta, men har òg ein sentral teoretisk del. Viktige tema er mat i eit historisk og kulturelt perspektiv, konservering av mat og mattradisjonar. Tema som vert tekne opp, er mellom anna: Konservering av frukt, bær og grønsaker, Kjøt og fisk, bruk og konservering, Korn, mjøl og bakst, Ost og mjølk, Mat og religion, Førhistorisk matlaging, Mat, kropp og kultur, Mat frå andre kulturar


Mer informasjon om Mat, kultur og konservering - Videreutdanning

Hvis du vil ha mer informasjon om Mat, kultur og konservering - Videreutdanning så kan du fylle ut en henvendelse til Mat, kultur og konservering - Videreutdanning nedenfor og skolen tar kontakt med deg. Du kan også lese mer på skolens hjemmeside ved å klikke på logoen over.

Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse

Studiepoeng (ECTS)

30

Utdanningens struktur

Studiet er delt inn i to emne, eitt emne i haustsemesteret og eitt i vårsemesteret. Undervisninga vert gitt på samlingar fredag ettermiddag og heile laurdag, eventuelt onsdagar eller torsdagar i staden for laurdag om det melder seg nok studentar til to grupper. Det er fem samlingar kvart semester. Studentane må gjennomføre praktiske og teoretiske oppgåver mellom samlingane.

Studiefakta, Tittel m.m

Videre- og etterutdanning

Høgskulen i Volda

Velkommen til Høgskulen i Volda

Til Volda - og vidare

Korleis ser du føre deg ein perfekt start på studielivet? Og kva med vegen vidare?

I vakre Volda veks det i mai og juni fram nye kull med ferdigutdanna studentar, klare for eit nytt kapittel i livet. Erfaringane frå den intime og vakre studiestaden med rundt 8000 innbyggjarar følgjer med resten av livet, både fagleg og sosialt. I Volda går kultur og natur hand i hand. Frå det populære studenthuset, kafeen og konsertscena Rokken, er vegen kort til toppen av Rosethornet, eit kjent og kjært landemerke. Tek du turen opp, vil du også få oversyn over heile Volda og den vakre naturen som omgir studentbygda. Velkomen til Volda!

Kvifor velje Volda

Eit studieopphald i Volda gir deg tverrfagleg og attraktiv fagleg kompetanse, skreddarsydd for eit breitt yrkesliv. Først sørgjer den tradisjonsrike Fadderveka og andre festivalar for at du som ny student landar trygt og får grunnlag for god fagleg utvikling i eit godt læringsmiljø. Men reisa er på langt nær over med det. For nyutdanna studentar frå Høgskulen i Volda går reisa gjerne vidare – inn i eit utfordrande arbeidsliv – og kanskje ut i verda? 

Tek du høgare utdanning i Volda, er alt opp til deg sjølv. Høgskulen er kjende for yrkesutdanningar med god fagleg kvalitet, og studerer du til dømes mediefag, lærarutdanning eller sosialt arbeid i Volda, får du svært ettertrakta fagleg og sosial kompetanse på arbeidsmarknaden. Tek du eit halvår av utdanninga ved ein av dei mange samarbeidsinstitusjonar i heile verda, utvidar du i tillegg horisonten og skaffar deg ekstra tyngd og erfaring. Studietilbudet gjenspeiler kompetansebehovet både i offentlig og privat sektor, med mulighet for utdanning både på bachelor- og mastergradsnivå. Høgskulen har i tillegg mange kreative og spennende fagstudium innanfor mediedesign, drama, friluftsliv, idrett, historie, realfag, kunst, musikk, språk med meir. 

Ut i verda?

Høgskulen i Volda er i tet mellom høgskulene i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. I alle bachelor- og masterprogram legg høgskulen til rette slik at studentar kan ta minimum eit semester i utlandet, som ein integrert del av graden ved høgskulen. Ein kan i praksis reise kvar som helst i verda, men det kan vere ein fordel å reise til ein samarbeidspartnar. Per i dag har Høgskulen i Volda rundt 140 partnarar i meir enn 40 land. Høgskulen i Volda er også offensiv når det gjeld å ta imot studentar frå utlandet, og har aldri før hatt så mange som i år. Dette er med på å gjere Volda til eit internasjonalt knytepunkt. Tek du ein tur rundt på campus, kan du ikkje la vere å leggje merke til "Pangaia", den internasjonale møteplassen. 

Høgskulen i VoldaGi litt av deg sjølv - få masse tilbake!

Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på same tid. Gir du litt av deg sjølv i Volda, får du garantert masse tilbake! Har du delteke på studentVEKA, Animasjonsfestivalen, Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2? Då har du garantert skulderveska full av nye vener og viktige kontaktar for framtida. Dei varierte sosiale erfaringane, saman med ein solid og yrkesretta fagleg ballast, gjer deg til ein ettertrakta arbeidstakar når du etter kvart reiser vidare i livet.


plusVis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Beskrivelse og bosted

Jeg vil vite mer!

Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Mat, kultur og konservering - Videreutdanning:

* =  Obligatorisk felt
Errors
*
*
*
*
*
» Til informasjon
This field is used for controlling automatic form submits. Please leave it blank:

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Kontakt Høgskulen i Volda
Mer informasjon
 
Vil du vite mer?

Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Mat, kultur og konservering - Videreutdanning:

Motta nyhetsbrev om utdanning
This field is used for controlling automatic form submits. Please leave it blank:
» Til informasjon
Omtaler
Skriv en skoleomtale!
Nyhetsbrev
Abonner på studentum.no nyhetsbrev om studier! Les mer Les mer