|
Sammendrag
![]()
![]() |
|
|||||||||||||||||
Mat, kosthald og helse er i dagens samfunn eit svært aktuelt tema. I dette studiet vert ulike mattradisjonar og praktisk matlaging sedde i eit ernæringsmessig, sosiologisk, estetisk og helsemessig perspektiv.
Mat, kosthald og helse er først og fremst retta mot dei som vil undervise i faget Mat og helse i grunnskulen. Likevel gir studiet ein kompetanse om kosthald og helse på generelt grunnlag. Studiet kan byggjast ut til årsstudium i Matkultur og helse.
Studiet gir kompetanse i å undervise i faget Mat og helse i grunnskulen i samsvar med læreplanen Kunnskapsløftet (LK06). Praktisk arbeid med mat er ein viktig del av studiet. Den teoretiske delen av studiet er likevel viktig som grunnlag for det praktiske arbeidet.
Du skal tileigne deg grunnleggjande kunnskap om ernæring og helse. Å kunne setje saman eit fullverdig kosthald er ein sentral del av studiet. Samstundes skal du få kjennskap til endringar i det norske måltidsmønsteret og lære om helsemessige samanhengar mellom mat, kropp og kultur. Du skal innarbeide ferdigheiter og teknikkar om korleis ein handsamar råvarer, samt få kunnskap om matproduksjon og tilsetningsstoff i matvarer.Vidare vil du lære om kostplanlegging for grupper med spesielle behov og lære å planleggje, lage og nyte eit måltid, både inne og i friluft.
Generell studiekompetanse
30
Mat, kosthald og helse er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng, eitt emne i haustsemesteret og eitt i vårsemesteret. Det er undervisning måndagar og tysdagar. Det vert gitt undervisning i både teoretiske og praktiske tema i tillegg til individuell rettleiing knytt til obligatoriske oppgåver. Mykje av det praktiske arbeidet går føre seg i grupper.
Videre- og etterutdanning

Korleis ser du føre deg ein perfekt start på studielivet? Og kva med vegen vidare?
I vakre Volda veks det i mai og juni fram nye kull med ferdigutdanna studentar, klare for eit nytt kapittel i livet. Erfaringane frå den intime og vakre studiestaden med rundt 8000 innbyggjarar følgjer med resten av livet, både fagleg og sosialt. I Volda går kultur og natur hand i hand. Frå det populære studenthuset, kafeen og konsertscena Rokken, er vegen kort til toppen av Rosethornet, eit kjent og kjært landemerke. Tek du turen opp, vil du også få oversyn over heile Volda og den vakre naturen som omgir studentbygda. Velkomen til Volda!
Eit studieopphald i Volda gir deg tverrfagleg og attraktiv fagleg kompetanse, skreddarsydd for eit breitt yrkesliv. Først sørgjer den tradisjonsrike Fadderveka og andre festivalar for at du som ny student landar trygt og får grunnlag for god fagleg utvikling i eit godt læringsmiljø. Men reisa er på langt nær over med det. For nyutdanna studentar frå Høgskulen i Volda går reisa gjerne vidare – inn i eit utfordrande arbeidsliv – og kanskje ut i verda?
Tek du høgare utdanning i Volda, er alt opp til deg sjølv. Høgskulen er kjende for yrkesutdanningar med god fagleg kvalitet, og studerer du til dømes mediefag, lærarutdanning eller sosialt arbeid i Volda, får du svært ettertrakta fagleg og sosial kompetanse på arbeidsmarknaden. Tek du eit halvår av utdanninga ved ein av dei mange samarbeidsinstitusjonar i heile verda, utvidar du i tillegg horisonten og skaffar deg ekstra tyngd og erfaring. Studietilbudet gjenspeiler kompetansebehovet både i offentlig og privat sektor, med mulighet for utdanning både på bachelor- og mastergradsnivå. Høgskulen har i tillegg mange kreative og spennende fagstudium innanfor mediedesign, drama, friluftsliv, idrett, historie, realfag, kunst, musikk, språk med meir.
Høgskulen i Volda er i tet mellom høgskulene i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. I alle bachelor- og masterprogram legg høgskulen til rette slik at studentar kan ta minimum eit semester i utlandet, som ein integrert del av graden ved høgskulen. Ein kan i praksis reise kvar som helst i verda, men det kan vere ein fordel å reise til ein samarbeidspartnar. Per i dag har Høgskulen i Volda rundt 140 partnarar i meir enn 40 land. Høgskulen i Volda er også offensiv når det gjeld å ta imot studentar frå utlandet, og har aldri før hatt så mange som i år. Dette er med på å gjere Volda til eit internasjonalt knytepunkt. Tek du ein tur rundt på campus, kan du ikkje la vere å leggje merke til "Pangaia", den internasjonale møteplassen.
Gi litt av deg sjølv - få masse tilbake!Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på same tid. Gir du litt av deg sjølv i Volda, får du garantert masse tilbake! Har du delteke på studentVEKA, Animasjonsfestivalen, Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2? Då har du garantert skulderveska full av nye vener og viktige kontaktar for framtida. Dei varierte sosiale erfaringane, saman med ein solid og yrkesretta fagleg ballast, gjer deg til ein ettertrakta arbeidstakar når du etter kvart reiser vidare i livet.
Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Mat, kosthald og helse - Videreutdanning: