Universitetet i Bergen
Namn: Mari Skuggedal Myksvoll
Alder: 25 år
Studium: Master i geofysikk (fysisk oseanografi)
Arbeidsplass: Havforskingsinstituttet
Stilling: Forskar
Ei av arbeidsoppgåvene mine er å dra på tokt med havforskingsinstituttet for å samle inn data som blir brukte til å studere fysiske prosessar i havet. På tokt måler vi saltinnhaldet og temperatur fleire stader samtidig, for å studere geografiske forskjellar. Vi set også ut instrument som gjer kontinuerlege målingar, og dermed seier noko om korleis forholda forandrar seg over tid.
Les meir om geofysikk og geologi!
Namn: Eli Gilje
Alder: 24 år
Studium: Master i petroleumsteknologi (reservoarkjemi)
Arbeidsplass: Roxar, avdeling Bergen
Stilling: Reservoaringeniør
Roxar leverer utstyr og programvare til dei store oljeselskapa. Eg sit ute hos hovudkunden deira, StatoilHydro, der eg anten arbeider på deira prosjekt eller sit som 'onsite' support. Eg hjelper dei med å bruke den programvara som Roxar leverer og som tolkar reservoar med petroleum. Teknologien bidreg til å auke utvinninga av petroleumsressursane og redusere kostnadane ved feltutvikling. Eg skal også vere med på å vidareutvikle og halde kurs i programvara.
Les meir om teknologi, fysikk og kjemi!
Namn: Øystein Slørdahl Hjertvik
Alder: 27 år
Studium: Master i informatikk (bio-informatikk)
Arbeidsplass: Agresso R&D AS
Stilling: System Design Architect
Eg jobbar blant anna med krav til produktet vårt - analyserer krava, finn ut kva kundane våre treng og korleis vi skal implementere dei. Eg lagar også brukargrensesnitt og sørgjer for at det vi lagar er pent og enkelt å bruke. I tillegg sørgjer eg for at alle på teamet har oppgåver og gjer ting i riktig rekkjefølgje. Dessutan kommuniserer eg med dotterselskapa våre ute i verda - hjelper ein konsulent i Belgia med eit problem, eller svarar på spørsmål rundt neste utgåve av IT-løysinga vår.
Les meir om informasjons- og datateknologi!
Når du gjør en henvendelse til skolen hos studentum.no sendes din kontaktinformasjon videre til skolen/utdanningsinstitusjonen. De tar selv kontakt med deg og gir deg informasjon via email, telefon eller post.
Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Universitetet i Bergen:
Fyll inn for å sende en mail til Universitetet i Bergen
* =
Obligatorisk felt