Feedback

Tilbakemelding til studentum.no


Kommentar Sett karakter
Email

Innhold

Design

Brukervennlighet

Helhetsinntrykk

Grunnskulelærarutdanning 1-7

Sammendrag
Varighet:
8 semester / 4 år
Utdanningen holdes på:
Norsk
Oppstart:
August
Studielån/Stipend:
Ja
Heltid/Deltid:
Heltid
Søknadsfrist:
15. april
Utdanningsinstitutt:
Høgskulen i VoldaHøgskulen i Volda
Studiesteder:
Type utdanning:

Beskrivelse av Grunnskulelærarutdanning 1-7

Grunnskulelærarutdanning 1-7

Allmennlærerutdanning

Grunnskulelærarutdanning 1-7

Vil du bli ein framtidsretta barneskulelærar?
Likar du å arbeide med barn? Som grunnskulelærar blir du ein viktig rollemodell for barn og unge, og etter fullført utdanning ventar mange spennande utfordringar. Med grunnskulelærarutdanning 1–7 vil du kunne spele ei sentral rolle i samfunnet, og du vil vere viktig for framtida til mange barn.


Karrierevegar

Fullført grunnskulelærarutdanning 1–7 kvalifiserer for undervisning i fag i dei første sju åra i grunnskulen. Utdanninga kan også gi grunnlag for arbeid i andre skuleslag, for pedagogiske og administrative oppgåver i skuleverket og for satsing andre stader i arbeidslivet. Under føresetnad av at tidlegare val har gitt nødvendig fordjuping, kan studentane i fjerde studieåret alternativt ta til på eit toårig mastergradsprogram. 

Innhald og arbeidsmåtar
Utdanninga er sett saman av pedagogikk, praksisopplæring og sentrale grunnskulefag der fagstudium er kombinerte med fagdidaktikk. Utdanninga skal fremje studentane si personlege utvikling og yrkesetiske haldning, utvikle evne til refleksjon og vekkje interesse for fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid. Du skal planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning. Du skal ha ansvar for begynnaropplæring, leie læringsarbeidet i samansette elevgrupper og kommunisere og samarbeide med foreldre og kollegaer.

I grunnskulelærarutdanning 1–7 er faga pedagogikk og elevkunnskap, norsk og matematikk obligatoriske. Undervisninga i desse faga er lagd til dei tre første åra. Det første studieåret kan du i tillegg velje anten engelsk, samfunnsfag eller kunst og handverk. Det tredje året kan du velje påbygging i anten norsk, matematikk, samfunnsfag eller engelsk, og du skal skrive ei bacheloroppgåve knytt til pedagogikk og elevkunnskap. I det fjerde året kan du velje anten naturfag, RLE eller eit anna skulerelevant fag, eller du kan innrette studiet mot ein mastergrad. Fjerdeårsalternativa kan òg veljast ved ein annan studiestad.

HVO tek atterhald om endringar i fagvalstilbodet. Ønskjer du andre fag enn dei HVO kan tilby, er det mogleg å skifte studiestad etter det tredje året.

Praksis
Det skal til saman vere 100 dagar praksisopplæring ved praksiskular som HVO har avtale med. Praksisen ligg i alle fire studieåra, men med størst omfang dei to første åra.

Internasjonalisering
Det er høve til å søkje praksis i utlandet etter nærare avtale. Nokre studiefag har tilbod om studieopphald i utlandet.

Fakta
Utdanningsnivå: Yrkesutdanning
Studiepoeng/lengd: 240 stp. / 4 år
Opptakskrav: Generell studiekompetanse, minimum 35 skulepoeng og minst karakteren 3 i matematikk og norsk
Søknadskode: sjå Samordnaopptak.no
Studiestart: August 2010
Kontaktperson: Johann Wangen, tlf. 70 07 53 09

Mer informasjon om Grunnskulelærarutdanning 1-7

Hvis du vil ha mer informasjon om Grunnskulelærarutdanning 1-7 så kan du fylle ut en henvendelse til Grunnskulelærarutdanning 1-7 nedenfor og skolen tar kontakt med deg. Du kan også lese mer på skolens hjemmeside ved å klikke på logoen over.

Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse, minimum 35 skolepoeng og minst karakteren 3 i matematikk og norsk.

Studiepoeng (ECTS)

240

Reportasje

Intervju med HVO-studenter

Intervju med HVO-studenter

Les mer Les mer Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda finnes det mange fornøyde elever. Her kan du lese om seks studenter som studerer ulike studier og hva de har å si om skolen.

Studentene forteller om bachelorstudiene i førskolelærerutdanning-, allmennlærerutdanning-, journalistikk-, kunst og håndverk- og media, IKT og design. Samt kan du lese om masterstudiet i samfunnsplanlegging og ledelse. 

Beskrivelse av Høgskulen i Volda

Høgskulen i VoldaTil Volda - og vidare

Korleis ser du føre deg ein perfekt start på studielivet? Og kva med vegen vidare?

I vakre Volda veks det i mai og juni fram nye kull med ferdigutdanna studentar, klare for eit nytt kapittel i livet. Erfaringane frå den intime og vakre studiestaden med rundt 8000 innbyggjarar følgjer med resten av livet, både fagleg og sosialt. I Volda går kultur og natur hand i hand. Frå det populære studenthuset, kafeen og konsertsvena Rokken, er vegen kort til toppen av Rosethornet, eit kjent og kjært landemerke. Tek du turen opp, vil du også få oversyn over den nære symbiosen mellom natur og kultur, fjell og fest. Velkomen til Volda!

-utdanna i Volda, sa du?

Eit studieopphald i Volda gir deg tverrfagleg og attraktiv fagleg kompetanse, skreddarsydd for eit breitt yrkesliv. Først sørgjer den tradisjonsrike Fadderveka og andre festivalar for at du som ny student landar trygt og får grunnlag for god fagleg utvikling i eit godt læringsmiljø. Men reisa er på langt nær over med det. For nyutdanna studentar frå Høgskulen i Volda går reisa gjerne vidare – inn i eit utfordrande arbeidsliv – og kanskje ut i verda? Tek du høgare utdanning i Volda, er alt opp til deg sjølv. Vi er kjende for yrkesutdanningar med god fagleg kvalitet, og studerer du til dømes mediefag, lærarutdanning eller sosialt arbeid i Volda, får du svært ettertrakta fagleg og sosial kompetanse på arbeidsmarknaden. Tek du eit halvår av utdanninga ved ein av våre mange samarbeidsinstitusjonar i heile verda, utvidar du i tillegg horisonten og skaffar deg ekstra tyngd og erfaring. Studietilbudet gjenspeiler kompetansebehovet både i offentlig og privat sektor, med mulighet for utdanning både på bachelor- og mastergradsnivå. Høgskulen har i tillegg mange kreative og spennende fagstudium innanfor mediedesign, drama, friluftsliv, idrett, historie, realfag, kunst, musikk, språk med meir.

Ut i verda?

Høgskulen i Volda er i tet mellom høgskulene i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. I alle bachelor- og masterprogram legg høgskulen til rette slik at studentar kan ta minimum eit semester i utlandet, som ein integrert del av graden ved høgskulen. Ein kan i praksis reise kvar som helst i verda, men det kan vere ein fordel å reise til ein samarbeidspartnar. Per i dag har Høgskulen i Volda rundt 140 partnarar i meir enn 40 land. Høgskulen i Volda er også offensiv når det gjeld å ta imot studentar frå utlandet, og har aldri før hatt så mange som i år. Dette er med på å gjere Volda til eit internasjonalt knytepunkt. Tek du ein tur rundt på campus, kan du ikkje la vere å leggje merke til "Pangaia", den internasjonale møteplassen. 


Gi litt av deg sjølv - få masse tilbake!

Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på same tid. Gir du litt av deg sjølv i Volda, får du garantert masse tilbake! Har du delteke på studentVEKA, Animasjonsfestivalen, Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2? Då har du garantert skulderveska full av nye vener og viktige kontaktar for framtida. Dei varierte sosiale erfaringane, saman med ein solid og yrkesretta fagleg ballast, gjer deg til ein ettertrakta arbeidstakar når du etter kvart reiser vidare i livet.


Høgskulen i VoldaEi ganske vanleg helg i Volda!

Om du vil finne på noko gøy i Volda er alt innanfor gangavstand. På fredagen trer du kanskje hatten på hovudet og bankar på døra til ein inkluderande studentfest, med guitarhero, dansing og ivrige diskusjonar til dei seine morgontimar. Etter litt søvn, tek du definitivt ein sein laurdagsfrukost på den økologiske kafeen Mylna, som med sitt vintage interiør og nydelige bakevarer frå Lom, lokkar stadig fleire studentar vekk frå hyblane på ein laurdags føremiddag. Vidare kjenner du deg kanskje så energisk at du blir med på morosame aktivitetar i regi av dei mange laga og studentorganisasjonane som fins? Og etter ein kreativ, heimelaga studentmiddag går nok turen uansett til studentane si storstue, studenthuset Rokken, der ein enorm konsert med Datarock ventar. Søndags morgon er avstanden kort til variert og nødvendig rekreasjon i den vakre naturen på Sunnmøre – kanskje avslutta med ein rimelig og velsmakande middagsdate på Rokken Café? Ei perfekt helg i Volda ebbar ut, og berre ei ny veke med morgonkaffi og nye faglege utfordringar står i mellom deg og neste gong du står og dansar oppe på eit retro stovebord og høyrer nokon rope: ”På tide å stikke på Rokken snart?!”


Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Bosted

Volda

Du kan leige bustad gjennom Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS). Du finn meir informasjon om dei ulike studentbustadane på boligtorget.no/sfs

Mer info finner du på studentsamskipnaden.no

Jeg vil vite mer!

Når du gjør en henvendelse til skolen hos studentum.no sendes din kontaktinformasjon videre til skolen/utdanningsinstitusjonen. De tar selv kontakt med deg og gir deg informasjon via email, telefon eller post.
Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Høgskulen i Volda:
* =  Obligatorisk felt
Type henvendelse* 
Email*
Fornavn*
Etternavn*
Adresse
Postnummer
Sted*
Alder
Kjønn
Telefon / Mobil
Fritekst
Motta nyhetsbrev om utdanning

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Postboks 500
6101 Volda


Tlf: 70 07 50 00
Fax: 70 07 50 51 www.hivolda.no

Tags


Ingen tagger lagt til, bli den første til å tagge!
En tag er et søkeord eller en oppmerking av en utdanning. Gjennom å merke en utdanning med ulike relevante søkeord, kan du lett finne tilbake til den utdanningen du er interessert i, ved å søke på nettopp disse ordene neste gang du besøker siden. Man kan også se og søke på andre besøkere sine tagger.
Add Tag

Nøkkelord

allmennlærerutdanning, allmennlærer, lærer

Mer informasjon
Søk
Vil du vite mer?
Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Grunnskulelærarutdanning 1-7:

 
»Til informasjon
Skriv en Omtale
Har du studert » Grunnskulelærarutdanning 1-7 på/med » Høgskulen i Volda? Gi karakterer fra 1 til 5, der 1 er dårlig og 5 er veldig bra.
Lærere/ Undervisning
Stemning/ Venner
Lokaler
Mulighet til jobb etter utdanningen

Anbefaler du skolen:


Presentasjon

Intervju med HVO-studenter

Høgskulen i Volda


Høgskulen i Volda finnes det mange fornøyde elever. Her kan du lese om seks studenter som studerer ulike studier og hva de har å si om skolen.

Studentene forteller om bachelorstudiene i førskolelærerutdanning-, allmennlærerutdanning-, journalistikk-, kunst og håndverk- og media, IKT og design. Samt kan du lese om masterstudiet i samfunnsplanlegging og ledelse. 

Tips en venn

Tips en venn om utdannelsen Grunnskulelærarutdanning 1-7 på Høgskulen i Volda.

Til:  
Fra:  

Nyhetsbrev
Abonner på studentum.no nyhetsbrev om studier! Les mer Les mer