Har du ambisjonar, gitar og godt gehør - eller ein av delane - men manglar band? Ta med deg instrumentet ditt og din musikkstil, og bli betre i begge delar saman med dei andre på Band linja. Du får prøva deg solo og saman med andre både på scenekanten og i studio. Manger er ein kreativ plass og musikken stilnar ikkje sjølv om skuledagen er over. Finn saman på tvers av linjene i øvingsrom og studio, som er opne utover ettermiddagen og kvelden. Du rekk knapt å ha spelt deg varm i trøya før anledninga til huskonsert byr seg. Linja forsyner seg grådig av det musikkmiljøa i Bergen har å by på. Til våren blir det studietur til utlandet.
Band linja har hovudfokus på utøvande verksemd. Du får mange anledningar til å opptre framfor eit publikum, både på skulen og utanfor. Kanskje skriv du eigne låtar, kanskje vil du heller spele andre sine. Saman med elevane på musikkproduksjon har du uansett høve til å gjere opptak av musikken. Gjennom faga på timeplanen ynskjer Manger Folkehøgskule å gjere deg til ein betre musikar, utvide den musikalske horisonten din og gje deg ei brei musikalsk plattform. Saman med musikarar frå dei andre linjene kan du setje saman spanande kombinasjonar av instrument. Det er ein fordel om du har eige instrument og har gode basisferdigheitar på det.
Fag på band linja
Du må fylla 17 år før skulestart.
For skuleåret 2009/2010 kostar det kr. 78 650,- å gå på Manger Folkehøgskule.
Sjå for deg ein velstelt skuleplass, omkransa av trivelege hus. Lukk augene og høyr! Fjerne messinginstrument, lav bass, lys song, rytmiske steg frå dansesko. Det er lyden av Manger Folkehøgskule. Passe stort, passe lite. Passe mange elevar. Passe nært Bergen. For deg som skal langt med interessa di, og for deg som ikkje skal nokon stad, berre læra meir. Ein god lærar treng du uansett.
Dette betyr at skulen sjølv bestemmer fagplanar og arbeidsmåtar Gjennom arbeid og fellesskap vil Manger Folkehøgskule bidra til fagleg og personleg vekst slik at du siste skuledagen kan seia: Eg er eit rikare menneske, eg kan meir, eg veit meir, eg forstår meir, eg bryr meg om meir. Det vert ikkje gitt fagkarakterar. Du må finna andre mål for arbeidet og du må ta ansvar for di eiga læring. Skal ei slik undervisningsform fungera, er det viktig at både lærar og elev har vilje og evne til samarbeid, og at læring skjer ut frå interesse og entusiasme. Det er viktig for Manger Folkehøgskule alle å søkja mot at "lysten driver verket" som Grundtvig, folkehøgskulane sin far, uttrykte det.